Hopp til innhaldet
Gjer
Korleis det verkarKvifor GjerPrisar
Min side Varsle meg

GJER / RAMMER FOR SAMARBEIDET

Salsvilkår

Sist oppdatert 24. oktober 2026

SalsvilkårPersonvernAngrerettDatabehandlaravtale

PÅ DENNE SIDA

  1. 1. Kven vi er
  2. 2. Kva de kjøper
  3. 3. Kven avtalen er med
  4. 4. Prøveperiode
  5. 5. Pris og plassar
  6. 6. Betaling
  7. 7. Dersom betalinga feilar
  8. 8. Oppseiing
  9. 9. Prisendringar
  10. 10. Dataa dykkar
  11. 11. Bruk av tenesta
  12. 12. Drift og tilgjenge
  13. 13. Ansvar
  14. 14. Endringar i vilkåra
  15. 15. Lovval og tvistar
Spørsmål? Ta kontakt
Finn eit punkt +
  1. 1. Kven vi er
  2. 2. Kva de kjøper
  3. 3. Kven avtalen er med
  4. 4. Prøveperiode
  5. 5. Pris og plassar
  6. 6. Betaling
  7. 7. Dersom betalinga feilar
  8. 8. Oppseiing
  9. 9. Prisendringar
  10. 10. Dataa dykkar
  11. 11. Bruk av tenesta
  12. 12. Drift og tilgjenge
  13. 13. Ansvar
  14. 14. Endringar i vilkåra
  15. 15. Lovval og tvistar

Desse vilkåra gjeld når ein organisasjon tek i bruk Gjer, under prøveperioden og når organisasjonen betaler for abonnement. Ved å registrere organisasjonen godtek de vilkåra.

1. Kven vi er

Gjer blir levert av Kristoffer Nicolaysen, eit enkeltpersonføretak med organisasjonsnummer 820 648 242, Kvernberget 3B, 6800 Førde. Kontakt oss på post@gjer.io.

2. Kva de kjøper

Gjer er eit planleggingsverktøy for teater og scenekunst. Abonnementet gjev organisasjonen tilgang til Gjer-appen for Mac, Windows, iPhone, iPad og Android, og til tenesta som lagrar og synkroniserer planane. Kva Gjer kan til ei kvar tid, står på gjer.io. Vi utviklar tenesta vidare og kan endre, leggje til eller ta bort funksjonar. Tek vi bort noko vesentleg som de betaler for, varslar vi minst 30 dagar før.

3. Kven avtalen er med

Avtalen er mellom oss og organisasjonen, til dømes eit teater, ei gruppe eller ein frilansar som driv næring. Den som registrerer organisasjonen, stadfestar at dei har fullmakt til å inngå avtalen på vegner av organisasjonen.

Eigar og administratorar i organisasjonen styrer abonnementet, plassane og kven som er medlem. Medlemmer får tilgang gjennom organisasjonen og inngår ikkje ein eigen betalingsavtale med oss.

Gjer er laga for organisasjonar og næringsdrivande. Kjøper du som privatperson, gjeld i tillegg reglane på sida om angrerett.

4. Prøveperiode

  • Ein ny organisasjon får 14 dagar gratis prøve. De treng ikkje leggje inn kort.
  • Kvar brukar kan få éin prøveperiode. Organisasjonar som same brukar opprettar seinare, får ikkje ny prøve.
  • I prøveperioden har organisasjonen like mange plassar som ved registreringa.
  • Legg de inn betalingsmåte i prøveperioden, blir de ikkje trekte før prøva er over. Prøva blir ikkje forlengd.
  • Har de ikkje lagt inn betalingsmåte når prøva er over, blir tilgangen stengd til de gjer det. Vi trekkjer ingenting utan at de sjølve har lagt inn betalingsmåte.

5. Pris og plassar

Abonnementet blir prisa per plass per månad. Gjeldande prisar står på gjer.io/prisar. Vi er ikkje registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, så det kjem ikkje meirverdiavgift på prisane. Blir vi registrerte, varslar vi minst 30 dagar før, slik punkt 9 seier.

  • Prisen blir rekna ut frå talet på plassar de har kjøpt, ikkje frå kor mange som er aktive.
  • Kvart aktive medlem bruker éin plass. Når alle plassane er i bruk, må de kjøpe fleire før de kan leggje til nye medlemmer.
  • Eigar og administratorar kan endre talet på plassar i Gjer. Før endringa gjeld, viser vi kva den nye prisen blir. Endringa gjeld med ein gong, og skilnaden blir justert forholdsmessig på neste faktura. De kan ikkje gå ned til færre plassar enn de har aktive medlemmer.

6. Betaling

  • Betalinga går gjennom Stripe. Vi ser og lagrar aldri kortnummeret.
  • Abonnementet blir betalt forskotsvis per månad og fornya automatisk til de seier det opp.
  • Kvitteringar og fakturaer finn de i kundeportalen, som de opnar frå abonnementssida i Gjer.

7. Dersom betalinga feilar

Feilar eit trekk, prøver Stripe på nytt i nokre dagar. I mellomtida har organisasjonen full tilgang, og Gjer viser eit varsel til administratorane. Blir betalinga ikkje ordna, blir tilgangen stengd for alt anna enn å ordne betalinga. Data blir ikkje sletta når tilgangen blir stengd. Når betalinga er ordna, opnar Gjer igjen med alt som det var.

8. Oppseiing

  • Eigar eller administrator kan seie opp abonnementet når som helst i kundeportalen.
  • Oppseiinga gjeld frå slutten av perioden de har betalt for. Fram til då har de full tilgang.
  • Vi betaler ikkje tilbake for ein påbyrja periode, med mindre lova krev det.
  • Kva som skjer med dataa etter oppseiing, står i personvernerklæringa.

9. Prisendringar

Vi kan endre prisane. Endringar på eit abonnement som alt er i gang, varslar vi på e-post minst 30 dagar før dei gjeld. De kan seie opp før endringa tek til å gjelde.

10. Dataa dykkar

Det de legg inn i Gjer, til dømes planar, produksjonar, personar og dokument, høyrer til organisasjonen. Vi bruker det berre for å levere tenesta til dykk. For personopplysningar i dette innhaldet er organisasjonen behandlingsansvarleg og vi databehandlar. Dei vilkåra står i databehandlaravtalen. Les meir i personvernerklæringa.

De kan be om ein kopi av dataa til organisasjonen på post@gjer.io.

11. Bruk av tenesta

De er ansvarlege for det de legg inn, og for at brukarane dykkar følgjer desse vilkåra. De kan ikkje

  • dele innlogging eller la fleire personar bruke éin plass
  • prøve å kome til data som ikkje høyrer til organisasjonen dykkar
  • bruke Gjer til noko ulovleg, eller leggje inn innhald de ikkje har rett til
  • overbelaste tenesta, eller kopiere eller dekompilere ho utover det lova tillèt

Bryt de vilkåra vesentleg, kan vi stengje tilgangen. Vi varslar først og gjev dykk høve til å rette opp, med mindre det hastar for å verne andre kundar eller tenesta.

12. Drift og tilgjenge

Vi gjer det vi rimeleg kan for at Gjer skal vere tilgjengeleg og trygt, men vi lovar ikkje ei bestemt oppetid. Planlagt vedlikehald prøver vi å leggje til tider med lite bruk. Gjer tek vare på lokale endringar til dei er lagra, og lagrar ikkje over nyare endringar utan å spørje.

13. Ansvar

Ansvaret vårt er avgrensa til det organisasjonen har betalt oss dei siste 12 månadene. Vi er ikkje ansvarlege for indirekte tap, som tapt inntekt, avlyste framsyningar eller tapte data som de kunne ha unngått. Avgrensinga gjeld ikkje dersom vi har valda tapet med vilje eller ved grov aktløyse.

Vi er ikkje ansvarlege for forhold utanfor vår kontroll, som brot hos internettleverandørar, straumbrot, krig eller naturkatastrofar.

14. Endringar i vilkåra

Vi kan endre desse vilkåra. Vesentlege endringar varslar vi på e-post til eigar og administratorar minst 30 dagar før dei gjeld. Bruker de Gjer etter det, godtek de dei nye vilkåra.

15. Lovval og tvistar

Norsk rett gjeld. Vi prøver først å løyse usemje i lag med dykk. Lukkast ikkje det, går saka til tingretten der vi har forretningsadresse.

Spørsmål om dette dokumentet?
post@gjer.io

Til toppen ↑
Gjer

Laga for scenekunstfeltet.

PrisarKontaktMin side © 2026 Gjer
SalsvilkårPersonvernAngrerettDatabehandlaravtale