Hopp til innhaldet
Gjer
Korleis det verkarKvifor GjerPrisar
Min side Varsle meg

GJER / RAMMER FOR SAMARBEIDET

Angrerett

Sist oppdatert 24. oktober 2026

SalsvilkårPersonvernAngrerettDatabehandlaravtale

PÅ DENNE SIDA

  1. 1. Organisasjonar og næringsdrivande
  2. 2. Forbrukarar
  3. 3. Oppseiing etter angrefristen
  4. 4. Kontakt
Spørsmål? Ta kontakt
Finn eit punkt +
  1. 1. Organisasjonar og næringsdrivande
  2. 2. Forbrukarar
  3. 3. Oppseiing etter angrefristen
  4. 4. Kontakt

Kort sagt: Du kan prøve Gjer gratis i 14 dagar utan å leggje inn kort, og du kan seie opp abonnementet når som helst. Oppseiinga gjeld frå slutten av perioden du har betalt for.

1. Organisasjonar og næringsdrivande

Gjer blir selt til teater, grupper, frilansarar og andre som kjøper i samband med verksemda si. Angrerettlova gjeld berre for forbrukarar, så for desse kjøpa er det ingen lovfesta angrerett.

I staden har de

  • 14 dagar gratis prøve før de betaler noko
  • høve til å seie opp når som helst i kundeportalen
  • full tilgang ut perioden de har betalt for

Sjå salsvilkåra for detaljar.

2. Forbrukarar

Kjøper du Gjer som privatperson, har du 14 dagar angrerett etter angrerettlova.

Når fristen byrjar

Fristen byrjar den dagen du inngår eit betalt abonnement, altså når du legg inn betalingsmåte i Gjer. Prøveperioden er gratis og krev ingen angring. Lèt du han gå ut utan å leggje inn betalingsmåte, blir du ikkje trekt.

Slik angrar du

Gje oss beskjed innan fristen, til dømes på e-post til post@gjer.io. Skriv kven du er, kva organisasjon i Gjer det gjeld, og at du vil bruke angreretten. Du kan også bruke standardskjemaet for angrerett frå Forbrukartilsynet, men du må ikkje. Det er nok at du sender beskjeden før fristen går ut.

Tilbakebetaling

Vi betaler tilbake innan 14 dagar etter at vi fekk beskjed, til same betalingsmåte som du brukte.

Tenesta byrjar med ein gong du legg inn betalingsmåte, fordi du ber om det. Bruker du angreretten etter det, betaler du for den delen av perioden du har hatt tilgang, og vi betaler tilbake resten. Har prøveperioden din enno ikkje gått ut når du angrar, har du ikkje betalt noko, og då er det ingenting å betale tilbake.

3. Oppseiing etter angrefristen

Etter angrefristen kan alle, både forbrukarar og organisasjonar, seie opp når som helst. Opne abonnementssida i Gjer og vel kundeportalen. Oppseiinga gjeld frå slutten av perioden som alt er betalt. Kva som skjer med dataa etterpå, står i personvernerklæringa.

4. Kontakt

Kristoffer Nicolaysen, organisasjonsnummer 820 648 242, Kvernberget 3B, 6800 Førde, post@gjer.io.

Blir vi ikkje einige, kan forbrukarar klage til Forbrukarrådet.

Spørsmål om dette dokumentet?
post@gjer.io

Til toppen ↑
Gjer

Laga for scenekunstfeltet.

PrisarKontaktMin side © 2026 Gjer
SalsvilkårPersonvernAngrerettDatabehandlaravtale