Hopp til innhaldet
Gjer
Korleis det verkarPrisarKvifor Gjer
Logg innVarsle meg
Lansering 1. november 2026

Før publikum kjem, skal tusen ting klaffe.

Gjer samlar prøveplanen, folka, salane og turnéen på same stad. Så alle i produksjonen veit kva som skal skje, kven som gjer det og når.

14 dagar gratis frå lanseringFor frie kompani og institusjonarSjå korleis det verkar ↓
Samordning · heile huset · veke 43
Samordning i Gjer: Peer Gynt, Et dukkehjem, Hamlet og Hedda Gabler på éin delt tidsakse, med arbeidsplanen for veke 43 under.

Skjermbilete frå Gjer med fiktive data.

Veka før premiere

Kjenner du igjen denne?

Klokka er 08.31. Prøva startar 10.00. Og planen ligg i fem ulike innboksar.

Innboks47 uleste
E-POSTProdusentRe: Re: Fwd: Prøveplan veke 41 (NY!!)07:12
CHAT#produksjonEr det nokon som har siste versjon av lysplanen?07:40
PDFturneplan_FINAL_v3.pdfVedlegg, 2,4 MB. Bruk denne, ikkje den førre08:03
SMSUkjend nummerKjem du på prøve i morgon? Står ingenting i kalenderen08:15
E-POSTSpelestadTeknisk rider: kan de sende oppdatert versjon?08:31
prøveplan_v7_ENDELEG_ny (2).xlsx
Sist endra av … ingen veit heilt.
«Prøva er flytta til tysdag.»
Sendt i Teams-rommet, men skodespelaren er ikkje med i det rommet.
Kor høgt heng trekk 4 på turnéscena?
Nokon ringde i fjor. Ingen skreiv det ned.
Frilansaren er alltid gjest i andre sine system.
Tre jobbar? Tre verktøy som ikkje snakkar saman. Du blir invitert inn i alle, og får aldri eit eige oversyn.
Kontrakten ligg i ein Word-mal frå 2019.
Datoane er skrivne inn for hand. To av dei er feil.
Turnébussen går 07.15.
Står det nokon stad?

Nei, det er ikkje du som er dum. Planen bur berre fem ulike stader.

Gjer gir han éin.

Korleis det verkar

Ein produksjon i tre akter.

Alt de legg inn, heng saman. Prøva på planbordet er den same som står i vekeplanen, på mobilen til frilansaren og i turnéplanen.

Akt I · Planlegg

Éin plan. Sjå han frå der du står.

+

Produsenten vil sjå heile huset. Inspisienten vil sjå veka. Teknikken vil vite kva sal som er ledig klokka tre. I Gjer jobbar alle i den same planen, berre frå den vinkelen som passar dei.

Vekeplanen for Peer Gynt i Gjer: vakter per person gjennom prøvetida, med timar fordelte per avdeling.
Vekeplan: kven som jobbar når, med timar per person og avdelingFiktive data
Regneark i Gjer: produksjonsbudsjettet til Peer Gynt med tabellar for scenografi og kostyme, formlar og summar.
Regneark og arbeidsrom

Budsjettet kan bu i produksjonen. Ikkje i eit vedlegg som går tapt.

Kvar produksjon har sitt eige arbeidsrom med dokument, tavle og regneark. Tabellar, formlar og summar rett ved sida av planen, og alle ser same versjon.

Akt II · Folka

Alle er oppdaterte.

+
Gjer på mobilen: dagens plan med prøver og produksjonsmøte.Gjer på mobilen: Noah har fått oppgåva Godkjenn lysplanen til Peer Gynt.

Gjer gir deg éin konto og éin kalender for alt, og når planen endrar seg, endrar telefonen seg med han.

Ingen må spørje etter siste versjon. Ingen treng eige abonnement for å vere gjest i produksjonen din.

Kontraktsmotoren

Kontrakten fyller seg ut. Motparten signerer digitalt.

Lag kontraktmalane dykkar bolk for bolk. Gjer fyller inn det han veit: namn, prosjekt og datoar. Motparten får ei lenkje på e-post, fyller ut kontonummer og adresse sjølv, og signerer. Hen treng ikkje Gjer til det. Og når kontrakten er signert, blir hen automatisk med i prosjektet kontrakten gjeld. For kvifor skal det ikkje funke slik, eigentleg?

Kontraktsmalen «Avtale om oppdrag» i Gjer: tekst bolk for bolk med gule felt Gjer eller du fyller ut, og blå felt motparten fyller ut før signering.
Gult: du eller Gjer fyller utBlått: motparten fyller ut før hen signerer
Akt III · På turné

Turnéplanen snakkar med prosjektet. Heile vegen.

+

Turnéen er ikkje eit eige dokument på sida av produksjonen. Han er ein del av han: turnédagane styrer perioden i produksjonslinja, så når noko flyttar seg, følgjer resten etter.

  1. 01 · TURNÉENFramsyninga i Fjordbyen blir flytta ein dag.
  2. 02 · PROSJEKTETPerioden i produksjonslinja følgjer etter.
  3. 03 · FOLKACrewet på turnéen ser den nye planen.
  4. 04 · GÅIngen ringjerunde. Ingen ny versjon å sende ut.

Heile reisa. Dag for dag.

Reiseplanen samlar oppmøte, reise, innrigg, framsyning, nedrigg og overnatting for kvart stopp. Spelestadene hugsar rom, teknikk og erfaringar til neste gong.

Passar scenografien i neste rom?
Samanlikn scenetrekka i prøvesalen med turnéromma, før lastebilen er pakka.
Reiseplanen i Gjer: Haustturné 2026, tysdag 27. oktober i Fjordbyen kulturhus med oppmøte, reise, innrigg, framsyning klokka 19, nedrigg og hotell.
For teknikarane

Alle husa på turné. Éi oversikt.

Når turnéplanen er laga, set Gjer opp lista over alle husa for teknikarane, med avvik som allereie er registrerte. Du ser kva kvart hus krev, og kan planleggje for alle samtidig. Ingen fil som må sendast. Ingen som må ringje rundt og spørje etter siste versjon.

  1. TYS. 27. OKT.Fjordbyen kulturhusTeknisk plan klar
  2. FRE. 30. OKT.Åsheim sceneTeknisk plan klar
  3. NESTE STOPPLærdal kulturhusTeknisk plan klar
Bak verktøyet

Kvifor Gjer

+

Verktøya vi brukar, formar arbeidet vi gjer.

Riggdag · Kristoffer
Kristoffer smiler med laptopen i handa, midt i ein riggdag med kablar, kasser og raudkvite gardiner.

Eg har vore dagleg leiar og jobba på tvers av prosjekt, frå dei store husa til dei små kompania. Og overalt har eg sett det same.

Dyktige folk som brukar kveldane på å halde lister, e-posttrådar og kalendrar i synk, i staden for å fokusere på opplevingane vi skal gi. Verktøya dei har, er laga for kontor og konsulentar, ikkje for prøvesalen, riggdagen eller turnébussen klokka sju om morgonen. Det har irritert meg lenge at scenekunstfeltet ikkje har hatt betre verktøy.

For verktøy er aldri nøytrale. E-post, Teams, eigne løysingar og PDF-ar som ikkje oppdaterer seg sjølve: når planen ligg spreidd over mange stader, kan folk bli utelatne, og endringar kan kome for seint. Verktøya vi brukar, avgjer kven som veit kva, og dermed korleis vi jobbar saman. Så eg slutta å vente på at nokon andre skulle lage dei, og laga Gjer.

Kristoffer Nicolaysen, grunnleggjar av Gjer

Gjer blir betre for alle når alle er med.

I dag har kvar institusjon og kvart kompani sitt eige system, og alt som skal mellom dei, må sendast. Gjer er bygd for å jobbe på tvers, men ingen får det til åleine. Feltet blir ikkje betre av at nokon andre fiksar det. Alle må vere med og dra lasset, og då blir verktøyet sterkare for kvar ny brukar. Det er difor Gjer er verdt å satse på.

Éin kontoSame konto, uansett kven du jobbar for.Frilansarar og gjester brukar éin Gjer-konto på tvers av institusjonar og kompani, og ser arbeidet sitt samla.
Eigne dataSamarbeid utan å gi frå seg kontrollen.Kvar organisasjon eig produksjonsdataa sine. Folk ser berre det dei er inviterte til.
ErfaringDet de lærer, blir verande.Romma, teknikken og kontaktane frå éin turné ligg klare til neste gong, i staden for i ein gammal e-post.

Vi er ein liten bransje. Men ein viktig ein. La oss gjere det saman.

Fleire institusjonar og aktørar frå det frie feltet har meldt stor interesse for Gjer. Kva ventar du på?
Tid til scena

Pengane og politikken

+

Alle andre fekk nye verktøy. Scenekunsten fekk e-post, Excel-ark og PDF-ar.

Dei siste åra har verda vore gjennom ei enorm digital utvikling, og nesten alle bransjar har fått verktøy laga for nettopp sitt arbeid. Scenekunstfeltet har sett lite av det. Til no.

Og kvar haust kjem den same uroa. Statsbudsjett, fylkesbudsjett, søknadsfristar. Institusjonar som kjempar med økonomien. Kulturfond som blir kutta før dei har kome skikkeleg i gang. Kompani som mistar støtta dei har bygd drifta si på. Mange stader handlar det ikkje lenger om å vekse, men om å halde liv i det vi har.

Når kvar krone må forsvarast, har vi ikkje råd til å bruke timane våre på å halde planar i synk for hand. Vi kan ikkje bestemme kor mykje feltet får. Men vi kan bestemme kva vi brukar det på.

Det er på tide å gjere meir av det vi kan. Og mindre av resten.

Rekn på dykk sjølveKor mange minutt i veka brukar ein person i produksjonen på …
1 495 timari året går med til å halde planen i synk. Det er 40 arbeidsveker.Kor mykje av det kunne gått til scena?Gjer kostar frå 199 kr i månaden ↓Eit reknestykke på ditt eige anslag, ikkje ein lovnad. 46 arbeidsveker à 37,5 timar = 1 725 timar per årsverk.
Prisar

Heile Gjer. Uansett storleik.

Alle funksjonane er med i begge planane. Skilnaden er kor mange plassar som er inkludert, og om de vil ha nokon å ringje til.

Det frie feltet

For frie kompani, kunstnarar og produksjonar.

199kr / månad
  • 3 plassar inkludert
  • 29 kr per ekstra plass
  • Laga for å styrast sjølv, med hjelp når du treng det
Start 1. november
Institusjonar

For institusjonar som planlegg heile verksemda, frå scenekunsthus til kulturskular.

1 999kr / månad
  • 20 plassar inkludert
  • 39 kr per ekstra plass
  • Nokon å ringje til: prioritert støtte og oppstartshjelp
Snakk med oss

Du styrer det sjølv.

Gjer er bygd slik at de set opp produksjonar, inviterer folk og styrer tilgangar på eiga hand. Dei fleste kjem nesten aldri til å trenge brukarstøtte, og då betaler de heller ikkje for det.

Men ein institusjon treng nokon å ringje.

Med fast drift, mange avdelingar og premiere fredag må det vere nokon i andre enden om noko skulle skjere seg. For institusjonar er det bygd inn i prisen, saman med hjelp til oppstarten.

Prisane er eks. mva.Gjester brukar organisasjonen sine plassar.14 dagar gratis frå 1. november.Rekn ut prisen for dykk →Spørsmål og svar →
Standby

1. november.
Gjer.

Få beskjed når Gjer opnar, og prøv heile verktøyet gratis i 14 dagar.

Gjer
PrisarKontaktMin side
Laga for scenekunstfeltet · 2026