Hopp til innhaldet
Gjer
Korleis det verkarKvifor GjerPrisar
Min side Varsle meg

LITT MEIR Å VITE

Spørsmål og svar

Når blir Gjer lansert, og når startar prøveperioden?+

Gjer blir lansert 1. november 2026. Den gratis prøveperioden på 14 dagar startar ved lanseringa 1. november.

Kan vi få ein eigen avtale eller pris?+

Gjer har faste avtalar og prisar. Institusjonar kan ta ein prat med oss for å finne ut om Gjer er rett verktøy for dei.

Er dette to forskjellige appar?+

Nei. Det er same Gjer. Avtalane er tilpassa ulike typar organisasjonar.

Får det frie feltet færre funksjonar?+

Nei. Alle tilgjengelege Gjer-funksjonar er inkluderte i begge avtalane. Gjer Hjelp blir inkludert når funksjonen er lansert.

Må alle som deltek i ein produksjon betale?+

Organisasjonen betaler for plassane. Ein invitert gjest treng ikkje kjøpe eit eige personleg abonnement, men bruker ein av organisasjonen sine plassar, på same måte som andre aktive deltakarar. Gjesten har den tilgangen vedkomande har fått tildelt.

Kva er ein organisasjonsplass?+

Ein plass for ein aktiv deltakar i organisasjonen, anten vedkomande er medarbeidar eller gjest. Også gjester tel med i talet på plassar.

Kan eg samarbeide med institusjonar dersom eg bruker Gjer i det frie feltet?+

Ja. Gjer er bygd for samarbeid på tvers av organisasjonar, med tilgangsstyring. Du bruker den same personlege kontoen og har tilgang til det du er invitert til.

Kvifor kostar institusjonsavtalen meir?+

Avtalen er tilpassa større og meir permanent drift, med prioritert handsaming av supportførespurnader og oppstartshjelp. Det er dei same funksjonane i Gjer. Du bestiller direkte på nettsida og får oppstartshjelp etterpå.

Kan vi leggje til fleire brukarar seinare?+

Ja. Du kan endre talet på plassar på Min side. Kvar ekstra plass har fast månadspris i den valde avtalen. Du får sjå den nye prisen før du stadfestar.

Korleis kjem vi i gang med den nye avtalen?+

Registrering opnar 1. november. Då kan du velje avtale og tal på plassar, opprette konto og prøve Gjer gratis i 14 dagar.

Kva skjer med abonnementet vi allereie har?+

Ingenting blir endra automatisk. Min side viser abonnementet og beløpet frå den eksisterande avtalen. Ta kontakt dersom de har spørsmål om den eksisterande avtalen.

Gjer

Laga for scenekunstfeltet.

PrisarKontaktMin side © 2026 Gjer