Hopp til innhaldet
Gjer
Korleis det verkarKvifor GjerPrisar
Min side Varsle meg

SAME GJER. TO FASTE AVTALAR.

Eitt Gjer.
To faste avtalar.

Heile Gjer er inkludert. Vel avtalen som passar organisasjonen din.

Vi lanserer 1. november 2026.

Prøv Gjer gratis i 14 dagar frå lanseringa. Prøveperioden startar 1. november.

01 / GJER

For det frie feltet

For frie kompani, kunstnarar og produksjonar.

199kr / månad

Eks. mva.

3 organisasjonsplassar inkludert29 kr per ekstra plass / månad

Heile Gjer er inkludert.

  • Ordinær brukarstøtte
  • Gjester bruker organisasjonen sine plassar

Registrering opnar ved lanseringa 1. november.

02 / GJER

For institusjonar

For teater som planlegg heile verksemda.

1 999kr / månad

Eks. mva.

20 organisasjonsplassar inkludert39 kr per ekstra plass / månad

Heile Gjer er inkludert.

  • Prioritert brukarstøtte
  • Oppstartshjelp og oppfølging tilpassa institusjonar
  • Gjester bruker organisasjonen sine plassar

Registrering opnar ved lanseringa 1. november.

Usikker på om Gjer passar? Ta ein prat med oss

ALLE FUNKSJONANE. UAVHENGIG AV STORLEIK.

  • ✓Heile Gjer og alle tilgjengelege funksjonar
  • ✓Uavgrensa tal på produksjonar
  • ✓Gjester deltek innanfor organisasjonen sine plassar
  • ✓Samarbeid på tvers, med tildelte rettar
  • ✓Gjer Hjelp når funksjonen er lansert

REKN UT PRISEN

Rekn ut månadsprisen.

Vel avtale og tal på organisasjonsplassar. Ta med alle aktive deltakarar, også gjester.

Dette er eit prisoverslag for dei nye avtalane. Utrekninga endrar ikkje abonnementet ditt og startar inga bestilling.

Avtale
Grunnpris
199 kr
0 ekstra plassar × 29 kr
0 kr
Totalt / månad
199 krEks. mva.

ULIKE RAMMER. SAME MOGLEGHEITER.

Kvifor ulike prisar?

Det frie feltet har ofte prosjektbasert drift, små organisasjonar og avgrensa budsjett. Avtalen er tilpassa sjølvbetening og ordinær brukarstøtte.

Institusjonar har meir permanent drift, fleire avdelingar og større behov for oppfølging. Avtalen omfattar prioritert handsaming av førespurnader og oppstartshjelp. Du kan bestille direkte og få hjelp med oppstarten etterpå.

PLASS TIL SAMSPEL

Inviter samarbeidspartnarar
inn i Gjer.

Inviter frilansarar og samarbeidspartnarar inn i produksjonane dine. Dei deltek med sin eigen Gjer-konto, utan å kjøpe eit eige abonnement.

Gjester bruker ein av organisasjonen sine plassar, på same måte som andre aktive deltakarar. Dei får tilgang til det dei er inviterte til.

Organisasjonen betaler for plassane. Gjesten treng ikkje eit eige personleg abonnement. Eksisterande avtalar blir ikkje endra automatisk.

KONTOEN FØLGJER DEG

Éin konto.
Fleire produksjonar.
Heile arbeidskvardagen.

Du kan arbeide med fleire teater og frie kompani med den same kontoen. Du bruker ein plass i kvar organisasjon der du er aktiv.

Kvar organisasjon eig og styrer sine produksjonsdata. Du har tilgang til det du er invitert til. Ingen dobbeltregistrering av produksjonar.

Logg inn med kontoen din

LITT MEIR Å VITE

Spørsmål og svar

Når blir Gjer lansert, og når startar prøveperioden?+

Gjer blir lansert 1. november 2026. Den gratis prøveperioden på 14 dagar startar ved lanseringa 1. november.

Kan vi få ein eigen avtale eller pris?+

Gjer har faste avtalar og prisar. Institusjonar kan ta ein prat med oss for å finne ut om Gjer er rett verktøy for dei.

Er dette to forskjellige appar?+

Nei. Det er same Gjer. Avtalane er tilpassa ulike typar organisasjonar.

Får det frie feltet færre funksjonar?+

Nei. Alle tilgjengelege Gjer-funksjonar er inkluderte i begge avtalane. Gjer Hjelp blir inkludert når funksjonen er lansert.

Må alle som deltek i ein produksjon betale?+

Organisasjonen betaler for plassane. Ein invitert gjest treng ikkje kjøpe eit eige personleg abonnement, men bruker ein av organisasjonen sine plassar, på same måte som andre aktive deltakarar. Gjesten har den tilgangen vedkomande har fått tildelt.

Kva er ein organisasjonsplass?+

Ein plass for ein aktiv deltakar i organisasjonen, anten vedkomande er medarbeidar eller gjest. Også gjester tel med i talet på plassar.

Kan eg samarbeide med institusjonar dersom eg bruker Gjer i det frie feltet?+

Ja. Gjer er bygd for samarbeid på tvers av organisasjonar, med tilgangsstyring. Du bruker den same personlege kontoen og har tilgang til det du er invitert til.

Kvifor kostar institusjonsavtalen meir?+

Avtalen er tilpassa større og meir permanent drift, med prioritert handsaming av supportførespurnader og oppstartshjelp. Det er dei same funksjonane i Gjer. Du bestiller direkte på nettsida og får oppstartshjelp etterpå.

Kan vi leggje til fleire brukarar seinare?+

Ja. Du kan endre talet på plassar på Min side. Kvar ekstra plass har fast månadspris i den valde avtalen. Du får sjå den nye prisen før du stadfestar.

Korleis kjem vi i gang med den nye avtalen?+

Registrering opnar 1. november. Då kan du velje avtale og tal på plassar, opprette konto og prøve Gjer gratis i 14 dagar.

Kva skjer med abonnementet vi allereie har?+

Ingenting blir endra automatisk. Min side viser abonnementet og beløpet frå den eksisterande avtalen. Ta kontakt dersom de har spørsmål om den eksisterande avtalen.

Gjer

Laga for scenekunstfeltet.

PrisarKontaktMin side © 2026 Gjer