Finn eit punkt
Her står kva personopplysningar Gjer behandlar, kvifor, kven vi deler dei med og kva rettar du har. Vi samlar ikkje inn meir enn vi treng for å levere tenesta, og vi sel aldri opplysningar til nokon.
1. Kven som har ansvaret
Kristoffer Nicolaysen, organisasjonsnummer 820 648 242, Kvernberget 3B, 6800 Førde. Spørsmål om personvern sender du til post@gjer.io.
To roller. For brukarkontoar, fakturering, support og nettsida er vi behandlingsansvarleg.
For innhaldet ein organisasjon legg inn i Gjer, til dømes planar, medverkande, kontaktinformasjon og tilgjenge, er organisasjonen behandlingsansvarleg, og vi er databehandlar for dei. Står du i planane til eit teater og har spørsmål om det, bør du først kontakte teatret. Vi hjelper dei med å svare deg.
2. Kva vi behandlar og kvifor
| Opplysningar | Kvifor | Grunnlag |
|---|---|---|
Konto: namn, e-post, passord (lagra som kryptografisk hash, aldri i klartekst), og om du loggar inn med Microsoft, kontoid og e-post derifrå. | For at du kan logge inn og bli kjend att. | Avtale |
Medlemskap: kva organisasjonar du høyrer til, rolla og løyva dine. | For å vise deg rett innhald og stengje alt anna ute. | Avtale |
Fakturering: namn og e-post til den som betaler, organisasjon, plassar, abonnementsstatus og id hos Stripe. Kortopplysningar blir berre handsama av Stripe. | For å ta betalt og føre rekneskap. | Avtale og rekneskapsplikt |
Planleggingsinnhald: det organisasjonen legg inn, til dømes namn, roller, kontaktinformasjon, tilgjenge og arbeidsplanar for medverkande, møte, meldingar og dokument. | For å levere tenesta til organisasjonen. | Organisasjonen avgjer (vi er databehandlar) |
Microsoft 365: om organisasjonen koplar Gjer til Microsoft 365, kalenderhendingar og møte som Gjer opprettar eller oppdaterer for deg. | For å få Gjer-planar inn i kalenderen din. | Organisasjonen avgjer |
Varsel: ein token for eininga di hos Apple eller Google. | For å sende varsel når du har slått det på. | Avtale |
Feilrapportar: det du skriv, og om du vel det, teknisk diagnostikk: plattform, versjon, kva skjerm du var på og tekniske hendingar. Diagnostikken tek aldri med tastetrykk, dokumentinnhald, meldingar, passord eller innloggingsnøklar. Slikt blir fjerna før rapporten blir send. | For å finne og rette feil. | Berettiga interesse |
Tekniske loggar: tidspunkt, IP-adresse, kva funksjon som blei kalla og feilkodar. | For tryggleik, feilsøking og for å hindre misbruk. | Berettiga interesse |
Grunnlaga er personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 bokstav b (avtale), c (rettsleg plikt, til dømes bokføringslova) og f (berettiga interesse).
3. Kven vi deler med
Vi bruker desse leverandørane for å drive Gjer. Dei får berre det dei treng for oppgåva si, og dei har avtale med oss om å verne opplysningane.
| Leverandør | Oppgåve | Stad |
|---|---|---|
Serverpod Cloud | Drift av server og database | EU og USA |
Stripe | Betaling og fakturaer | EU og USA |
Resend | E-post med stadfestingskodar og innlogging | USA |
Apple (APNs) og Google (Firebase Cloud Messaging) | Varsel til telefon og datamaskin | USA |
Microsoft | Innlogging og kalender, berre når de har kopla til Microsoft 365 | EU / USA |
Vercel | Nettsida og registreringa | EU og USA |
Når opplysningar blir overførte til land utanfor EØS, skjer det med grunnlag i EU-kommisjonen sine standardkontraktsvilkår eller EU–US Data Privacy Framework.
Vi gjev ikkje ut opplysningar til andre, med mindre lova pålegg oss det.
4. Kor lenge vi tek vare på opplysningane
- Konto og medlemskap: så lenge du har konto. Blir kontoen sletta, slettar vi opplysningane innan 30 dagar.
- Innhaldet til ein organisasjon: så lenge organisasjonen har abonnement. Etter oppseiing eller stengd tilgang tek vi vare på det i 90 dagar, slik at de kan kome tilbake eller be om kopi. Deretter blir det sletta.
- Rekneskapsdata: i 5 år etter utgangen av rekneskapsåret, slik bokføringslova krev.
- Feilrapportar: i 12 månader.
- Tekniske loggar: i 30 dagar.
- Sikkerheitskopiar: sletta data kan liggje i sikkerheitskopiar i opptil 30 dagar til før dei blir skrivne over.
5. Rettane dine
Du har rett til å
- få vite kva vi har om deg, og få ein kopi
- få retta opplysningar som er feil
- få sletta opplysningar vi ikkje lenger treng eller ikkje har grunnlag for
- be oss avgrense eller stanse behandlinga
- protestere mot behandling vi gjer med grunnlag i berettiga interesse
- få opplysningane du har gjeve oss, i eit maskinlesbart format
Send ein e-post til post@gjer.io. Vi svarar innan 30 dagar. Gjeld det innhald ein organisasjon har lagt inn, sender vi førespurnaden vidare til organisasjonen.
Meiner du at vi behandlar opplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet. Vi set pris på om du tek kontakt med oss først.
6. Informasjonskapslar
Nettsida og registreringa bruker ikkje informasjonskapslar for sporing eller marknadsføring, og vi bruker ikkje analyseverktøy frå tredjepart. Appen lagrar innloggingsøkta og ein lokal kopi av data på eininga di, slik at Gjer opnar raskt og tek vare på endringar du ikkje har lagra enno. Den kopien blir fjerna når du loggar ut.
7. Tryggleik
All trafikk mellom appen og serveren er kryptert. Passord blir lagra som hash. Kvar organisasjon er skild frå dei andre, og tilgangen blir sjekka på serveren for kvar førespurnad, ikkje berre i appen. Berre dei som treng det for å drive tenesta, har tilgang til databasen.
Skulle det skje eit brot på tryggleiken som rammar personopplysningar, varslar vi Datatilsynet og dei som er ramma, slik lova krev.
8. Born
Gjer er ikkje laga for born under 16 år, og vi samlar ikkje bevisst inn opplysningar om dei som brukarar. Organisasjonar som planlegg med born i produksjonane sine, er sjølve ansvarlege for å ha grunnlag for det.
9. Endringar
Vi oppdaterer denne erklæringa når tenesta eller regelverket endrar seg. Ved vesentlege endringar varslar vi på e-post eller i Gjer.
Spørsmål om dette dokumentet?
post@gjer.io